Om Rotaract

Rotaract vart starta som eit program i regi av Rotary International og er soleis ein del av Rotary-familien. Alle klubbar er initiert av og drive i samarbeid med ein eller fleire Rotary-klubbar. Rotaract skal gi unge menneske mellom 18 og 30 år erfaringar og nye interesser innafor ei rekkje område.  Organisasjonens motto er ”venskap gjennom teneste”, og gjennom sosialt felleskap basert på venskap mellom menneske med ulik yrkesbakgrunn gir Rotaract medlemmene høve til å tileigne seg kunnskap og ferdigheiter for å fremje personleg utvikling.  

Medlemsskap i Rotaract gir nye vener, god erfaring med organisasjonsliv og mange gode opplevingar. Som ein internasjonal organisasjon ligg forholda til rette for å treffe Rotaract-vener i resten av verda, gjennom prosjekt og sosiale arrangement. I Rotaract lærer vi om leiarskap og organisasjonsstyring, aukar samfunnskunnskapen ved å lære om organisasjonar og bedrifter i nærmiljøet, og bidreg sjølv til å gjere samfunnet betre gjennom sosialaksjonar og lokale prosjekt.

Kven kan bli medlem?
Alle i rett aldersgruppe kan bli med. Rotaract er ein politisk og religiøst uavhengig organisasjon som legg vekt på å ha medlemmer frå alle yrkesgrupper og samfunnslag. Aktiv deltaking i Rotaract kan gi deg verv på lokalt eller nasjonalt plan, noko som gir god erfaring til seinare jobbsituasjonar.

Vil du vite meir eller berre komme i kontakt med oss?
Send ein e-post til This e-mail address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it eller til ein klubb i nærleiken av deg.
Kontaktinformasjon finn du i menyen til venstre.